Håvamål er eit dikt som vart skreve ned på 1200-tallet. Håvamål blei skreve på Island av Snorre Sturlason. Håvamål betyr ”den høges tale”, i denne samanhengen er det ein tale frå guden Odin. Håvamål handlar om visdomsord og gode råd til menneske i det vanlege livet.
Håvamål er for det meste gått litt ut på dato. På 900 år har samfunne vårt utvikla seg mykje. Blant anna dei delane om krig og bruk av sverd er ikkje så utruleg relevante nå. Til tross for dette finnas det mange kloke råd som gjelder den dag i dag.
”Har du ein venn og trur vel om han, så gjest han ofte, for kratt gror til og gras blir høgt på vegen som ingen går”
Denne linja er tidlaus, den seier at man må pleie forholda til gode vennar for dei er gode å ha. Om man har gode vennar, men ikkje besøkar dei, forsvinn dei fort. Eit anna eksempel er:
”Fe døyr, frendar døyr, ein sjølv også. Men godt, fortent ettermæle varer ved.”
Den verselinja gjeld og i dag. Har man gjort noe stort vil namnet vere hugsa lenge etter at man døyr.
Eit eksempel på ei linje som ikkje gjeld i dag er: "Bruk auga vel før du går inn i kott og krok, det er uvisst å vite kor uvenner sit framfor fot.
Sjøl om me kan ha uvenner i dag, er det lita sjangse på at dei vil drepa deg.
Å jobba med Middelalderen med hjelp av wikien var ein grei måte å jobba med stoffet. Det som var bra med det er at alle kan sjå på kva me har laga, at det er ein side som kan kommes inn på frå fleire datamaskiner. Det var også spennande å bruke nye hjelpemiddel, som tidslinja. Men eg syns det ikkje egna seg så bra å framføre ifrå den Wikien. Då ville eg heller brukt Powerpoint.
1 kommentar:
Du trekkjer fram relevante strofer frå "Håvamål". Kanskje du kunne nemnt noe konkret som du meiner er gåt ut på dato?
Legg inn en kommentar